Personvernerklæring

Personvernet er viktig for Byrået, og me ynskjer difor å informere deg som har personopplysningar lagra hjå oss om korleis me tek vare på ditt personvern.

Denne personvernerklæringa har følgjande innhald:

Kva personopplysningar samlar me inn?
Korleis samlar me inn personopplysningar?
Kva er føremålet med å innhente personopplysningar?
Korleis blir personopplysningar handsama hjå oss?
Kva rettighetar har du som registrert?
Utlevering til tredjepart/cookies
Kontaktinformasjon

1. Kva personopplysningar samlar me inn?

I Byrået samlar me kun inn naudsynte personopplysningar om deg som kunde eller leverandør. Me samlar inn kun opplysningar som er naudsynte for å kunne oppretthalde eit slikt profesjonelt forhold, og me bestrebar oss i å minimere innsamlinga. Det me treng å innhente er følgjande:

Førenamn og etternamn
Jobbtittel
Telefonnummer
E-post

Om det føreligg særskild grunn kan det bli samla inn andre personopplysningar. Dette kan vera i samband med produksjon av produkt eller andre nærliggjande tenester, til dømes i produksjoner der kunden ynskjer fødselsdato trykt på produkter. I samband med kommunikasjon via e-post vil det også bli lagra IP-adresse.

Om du søkjer jobb hjå oss vil det bli samla inn ytterlegare personopplysningar i samanheng med å vurdere CV eller andre opplysningar i ein rekrutteringsfase.

2. Korleis samlar me inn personopplysningar?

I dei fleste høva vil opplysningane bli samla inn når du som kunde eller leverandør tek kontakt med oss for å inngå ei avtale, normalt via telefon eller e-post. I nokre høve kan opplysningane komme frå vår nettside kor du fyller inn skjema for å sende oss førespurnadl. I andre høve kan opplysningane komme frå visittkort eller via andre kontaktpersonar som anbefaler kontakt.

3. Kva er føremålet med å innhente personopplysningar?

Føremålet med å innhente personopplysningar er i hovudsak for å kunne gje deg som kunde tilgang til våre produkt og tenester, og deg som leverandør høve til å levere produkt til vårt sortiment. Samstundes vil det vera naudsynt å kunne senda deg relevant informasjon i samband med utøvinga av vårt engasjement eller avtale, samt for å kunne ta kontakt og tilby våre produkt og tenester.

Grunnlaget for å behandle personopplysningane under dette formålet er definert i Personvernforordningens Artikkel 6 (b) «oppfylle en avtale». Dersom det blir nødvendig å endre føremålet med dei innhenta opplysningane vil det enten vera basert på eit anna gyldig behandlingsgrunnlag, herunder eksempelvis eit samtykke definert i Artikkel 6 (a).

4. Korleis vert personopplysningar handsama hjå oss?

Når opplysningane er henta inn vil dei bli registrert i våre følgjande datasystem:

Kunderegistersystem: Uni Micro.
Kommunikasjonssystem: Outlook, Mailchimp.
Regnskapssystem: Uni Micro.

I høve både innsamling og lagring vil det bli nytta underleverandørar som då handsamar opplysningane for oss (databehandlar). Denne behandlinga vil fylgje dei krav som fylgjer Personvernforordningen. I nokre høve vil personopplysningar bli oversendt til andre leverandørar av produkt og tenester med det føremål at opplysningane skal nyttast til å oppfylle ein avtale – til dømes  mottak av fødselsdato dersom dette skal trykkjast på ein profilartikkel.

I tillegg til dei ovenståande datasystem kan det i nokre høve, ofte midlertidig, verte handsama personopplysningar i dataprogrammer som MS Excel/Word og deretter lagra i skytenester som Dropbox eller iCloud.

For din tryggleik er det viktig at opplysningane ikkje hamnar på avveger. Opplysningane vert derfor handsama i samsvar med anbefalte datasikkerhets krav, herunder eksempelvis krypteringsstandardar og tilgangskontroll samt policyer for personvern og datatryggleik.

Personopplysningar vert omgåande sletta dersom føremål eller handsamingsgrunnlag fell bort, til dømes om ein avtale har utgått, du er slutta hjå bedrifta du var tilsett i, eller at du ikkje lenger er aktuell i ein rekrutteringsprosess.

5. Kva rettigheiter har du som registrert?

Under Personvernforordningen har du som registrert nokre rettigheiter i samband med at du er registrert i våre datasystemer. Disse rettigheitene er som fylgjer:

Rett til innsyn i kva som er registrert
Rett til å korrigere det som er registrert
Rett til å få sletta det som er registrert («retten til å bli gløymt»)
Rett til å få utlevert det som er registrert («dataportabilitet»)

For å utøve disse rettigheitane må Byrået kontaktast direkte. Byrået (handsamingsansvarlig) må då sørge for at den ynskja rettigheita blir utført innan 1 månad.

6. Utlevering til tredjepart / cookies

Byrået sine nettsider benytter ikkje såkalla cookies.

7. Kontaktinformasjon

Byrået Design & Profilering AS
Hatlandsmyro 11
5412 STORD
post@byraet.no
53 41 68 60