OM OSS

Me held til i eige bygg på Heiane på Stord. Våre eigarar har arbeid med profilering og skilting sidan 1983 og er framleis aktive i selskapet som dagleg leiar og styreformann/AD.

Hjå oss får du hjelp til store og små oppdrag innan det aller meste når det gjelder grafisk arbeid,
design, skilting og profilering. I tillegg til vår eigen produksjon er me ein del av Skiltgruppen som
er ei samling profileringsverksemder spreidd over heile Norge frå sør til nord.

Me er aktive i bransjeorganisasjonen Skilt & dekorforeningen Print & komunikasjon som arbeider
for å utvikle faget, formalisere og heve bransjens anseelse. Her er fokus på utdanning, kompetanseheving og gode lærlingeordningar.

Me har eit stort kontaktnett med god oversikt over produkt og produsentar i både inn- og utland. Me kjenner trendane og er opptekne av å gje våre kundar dei rette løysingane ut frå behov og budsjett.

Vår produksjon er delt inn i graveringsavdeling og ei skilt- og dekoravdeling. I tillegg tek vår reklamebyråavdeling seg av idé og utforming. Me har inga avgrensing på kva me kan levere grafisk,
så ta kontakt for ein samtale og få tilbakemelding på ynskjet ditt.