SØKNADSFRISTEN HAR GÅTT UT

Me opplever aukande etterspørsel, der me ser eit behov for ein driven og dyktig Account Manager. Me søkjer ein person som har fagleg tyngde innan sal og 3-5 års salserfaring, der kjennskap til bedriftsmarknaden i Sunnhordland er ein fordel. Du vil ha overordna ansvar for sal til noverande og framtidige kundar. Dette inneber også kundeoppfølging.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og styrkje sal av Byrået sine produkt og tenester
  • Være oppdatert på marknaden, trendar og kva kundane ønskjer
  • Skape nye forretningsmoglegheiter gjennom oppsøkande sal på eksisterande portefølje og mot nye kundar
  • Planlegge og gjennomføre kundemøter og anna kundeaktivitet
  • Analysere salsstatistikk og berekne salspotensial
  • Utvikle kundestrategiar og kunderelasjonar, både mot nye og eksisterande kundar
  • Rettleie og gi råd
  • Samarbeid med marknadsavdeling og prosjektansvar for enkelte prosjekt
  • Delta på relevante messer og events
  • Hovudansvarleg for vårt CRM salssystem

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Fagleg tyngde i sal, og minimum 3-5 års byrå- eller salserfaring
  • Erfaring innan B2B sal og/eller marketing-erfaring
  • Jobbar proaktivt med høg gjennomslagskraft
  • Våge å utfordre kundar og bedrifta for å nå den beste løysninga
  • Har lidenskap for å levere en «best-i-klassen» kundeoppleving
  • Evne til å vidareutvikle bedrifta
  • Gode IT-kunnskapar
  • God kjennskap til CRM system
  • Flytande skriftleg og munnleg, norsk og engelsk
  • Erfaring frå prosjektleiing
  • Kjennskap til bedriftsmarknaden i Sunnhordland er ein fordel
  • Er ein lagspelar
  • Evne til å formidle bodskap klart og lett, både munnleg og skriftleg
  • Smittande engasjement og evne til å bygge sterke relasjonar

Me kan tilby:

  • Eit godt arbeidsmiljø i moderne lokale
  • Spanande arbeidsoppgåver
  • Vere delaktig i vår utvikling og vekst

Søknadsfrist: 8. juli

Kontaktperson:
Olav Anderssen

olav@byraet.no
tlf. 908 59 006

  • Godkjente filtyper: pdf, doc, docx, .
    Maks 2 MB. Format: pdf, doc eller docx.